Tenester

Tenester

Me tek på oss oppdrag innan brønnboring, energiboring, pumpeanlegg, fundamentering, spesialboring og service av brønnar.

Snoveg

Teneste

Snoveg

Med ein av marknadens lettare boreriggar har me utstyret og kompetansen til å utføre boreoppdrag på vinterstid med minimal belastning og skade på naturen. Dette gjer det mogleg å kome til stader der terrenget ikkje tillet boring på sommarstid grunna myrar, bekkar eller skrentar.

Kontakt oss om dette
Brønnboring

Teneste

Brønnboring

Me borar brønnar for vassforsyning til hytter, bustadhus, gardar og industri. Det vanlegaste er loddrett brønn på 60–90 meter, men større vassmagasin kan krevje 120–150 meter. Kva slags brønn som er aktuell kjem an på terreng, grunnforhold og vassbehov.

  • Bustadhus
  • Hytter
  • Gardar og industri
  • Tilpassa vasskapasitet
Kontakt oss om dette
Energiboring

Teneste

Energiboring

Med fokus på miljø og straumsparing er boring etter grunnvarme ei trygg og miljøvenleg oppvarmingsløysing for bustad og hytte. Me borar energibrønnar og monterer kollektorsløyfe i brønnen, fylt med kjølemedium.

  • Energibrønn
  • Kollektorsløyfe
  • Bustad og hytte
Kontakt oss om dette
Pumpeanlegg

Teneste

Pumpeanlegg

Me hjelper deg å finne riktig pumpe til brønnen din. Edland Brønnboring AS leverer pumper til private heimar, hytter og næring, med løysingar for ulike djupner og kapasitetsbehov.

  • Pumpe til bustad, hytte og næring
  • Robuste pumper med høg kapasitet
  • Lite vedlikehald
  • Rådgjeving og montering
Kontakt oss om dette
Fundamentering og spesialboring

Teneste

Fundamentering og spesialboring

Fundamentering inneber å bore stålrøyr ned til eller rett i fast fjell. Desse kan det setjast stålkjerner i og støypast før det byggjast vidare. Spesialboring handlar ofte om boring gjennom fjellknausar eller under veg for legging av kablar, vatn eller avløp.

  • Stålrøyr til fjell
  • Ustabil grunn
  • Boring under veg
  • Kablar, vatn og avløp
Kontakt oss om dette
Hyttebrønn

Teneste

Hyttebrønn

På grunn av vår lokalisering midt i eit turistområde er ein stor del av oppdragsmengda boring etter vatn til hytter. Me kan ta oppdrag på hytter med bilveg til døra, og på hytter som ligg fleire hundre meter frå bilveg.

  • Hytter langt frå bilveg
  • Løyve til motorisert ferdsel i utmark hjå grunneigar og kommune
  • Tilkomst på snoveg
  • Pumpe på straum, generator eller handpumpe
  • Frostsikker vasspost på hytteveggen
Kontakt oss om dette
Kapasitetsauking

Teneste

Kapasitetsauking

Me har sertifisering til å utføre kapasitetsauking ved bruk av sprenging.

Kontakt oss om dette
Service av brønnar

Teneste

Service av brønnar

Det kan oppstå behov for service på eldre brønnar. Problem kan vere innsig av overflatevatn, for liten kapasitet eller behov for ettersyn av pumpeanlegg og trykktank. Me har erfaring og kan hjelpe med å løyse dei fleste problem.

Kontakt oss om dette
Maskiner

Teneste

Maskiner

Firmaet har komplett boreekvipasje, med moglegheit til å ha boreriggen på flak på bil eller maskintralle, samt kompressor på flak. Dette gjer oss fleksible og i stand til å utføre dei fleste boreoppdrag.

Kontakt oss om dette